Astrid Moe Eikrem:

«Det er du som bestemmer kva som er bra nok!»

Astrid Moe Eikrem er treningsveieleder og motivator. Foto: KRISTIN TUFTE HAGA/UTLÅNT

Kor svett må ein vera og kor langt må ein jogga for å kalla det trening? Kor perfekt skal det vera? Og kven bestemmer det?

Nordre Aker Budstikke
Nordre Aker Budstikke

Publisert:

Sist oppdatert: 15.03.2015 kl 18:46

Mange vil at treninga skal vera perfekt viss ein først skal trena. Fleire eg kjenner vil aldri koma på å kalla ein rask gåtur i nabolaget for trening. Nei, trening det er ein time på treningssenteret, eller minimum 5 km samanhengande løping i raskt tempo. Ein går ikkje på ski, ein trenar. Ikledd riktige treningsklær som skal vera skikkelig svette etterpå, og med alt det rette utstyret som ”trengs”.

Då blir det ein høg terskel å koma seg på trening. Mykje skal klaffa før ein drar på treningssenteret. Det treningspartiet eg likar skal vera akkurat då, eg må bestilla plass og det må passa inn i familien sin logistikk. For det tar fort to timar å ta ein tur på treningssenteret, inkludert kjøring og parkering. Skal ein på på et av dei store treningssentrene, så må ein jo ordna seg litt først og. Ikkje noko fett hår og utan mascara der, nei. Hmm, ”då passar det visst ikkje heilt i dag”.

Kvifor legg vi lista så høgt for oss sjølv?

Og 5 km samanhengande løping i god fart, det klarte eg sist eg var i god form – så det er det minste eg kan forventa av meg sjølv. Så prøver ein på det, sjølv om det er to år sidan sist, og kjem heim med blodsmak i munnen og har nesten klart det etter ein halvtimes tid med sjølvpining og hat. Då blir det éin tur til, kanskje to, så er det prosjektet dødt.

Kvifor legg vi lista så høgt for oss sjølv? Og kven er det som bestemmer kva som er definisjonen på trening? Kan ein ikkje bare ta på seg skoa og ta seg ein tur?

LES OGSÅ: Løpedronningen Ingrid Kristiansen: – Latterlig med kurs for å løpe riktig

Eg har sjølv vore ein antitrenar i mange år. Særleg etter at eg flytta til Kjelsås. Nordre Aker er fullt av ekstremt spreke folk over alt. Eg syns det var latterleg når folk i full treningsmundur, leverte ungane i barnehagen, for så å springa eller sykla til jobben.

Men etter litt trendpress (eg følger jo med i tiden) vart eg støttemedlem på Sats, eller var det Elixia? (hugsar ikkje, det var så sjeldant). Min antihaldning var ein slags protest mot treningsfantastane. Til og med mannen min dreiv og sprang i tide og utide! Nå i ettertidpåklokskapens lys ser eg jo at den som måtte betala for protesten med dårlig form og helse var meg sjølv. Det blir litt som å smugrøyka for foreldrene dine når du har passert 40 år, som eit slags forlenga ungdomsopprør. Lurer bare deg sjølv.

Nordre Aker er fullt av ekstremt spreke folk over alt. Eg syns det var latterleg når folk i full treningsmundur, leverte ungane i barnehagen, for så å springa eller sykla til jobben

For nokre år sidan fekk eg ein kronisk sjukdom, og opplevde å vera i skikkeleg dårleg form. Det var ikkje bare på grunn av sjukdommen. Legane anbefalte sterkt å begynna å trena. Så det begynte eg med, utan nokon annan motivasjon enn at det burde eg, sidan legen sa det.

LES OGSÅ: Ann-Elisabeth (40): Fra rullestol til treningsinstruktør

Men kva skulle eg trena, eg som var i så dårleg form? Eg begynte med å veksla mellom å gå og jogga. Eg måtte bare sjå bort frå at det eg dreiv med sikkert ikkje kom inn under definisjonen trening. Men eg kom i gang. Sette min egen definisjon, og la lista lågt. Og jobba med å fokusera på det eg fekk til, og ikkje på det eg ikkje fekk gjort.

Eg las om at intervalltrening var oppskrifta for å få opp formen litt fort, og starta Intervalklubben Hoppla saman med ein gjeng andre Kjelsås-damer. Då vart det jammen både effektivt og sosialt! Grusomt hyggelig trening kalla me det. Og etterpå har det i grunnen bare balla på seg. For fem år sidan sprang eg Sentrumsløpet for første gong – ein utrulig opplevelse for ein antijoggar, og nå har Intervallklubben Hoppla blitt til MEIR trening Kjelsås, med meg som trenar! Men det aller beste med å vera i god form oppdaga eg, er at eg kjenner meg sterk og ovanpå! Det er god motivasjon!

Nå jobbar eg som coach i selskapet Heile deg, der me fokuserer på heilheita mellom det fysiske og mentale. Kor viktig det er å vera i fysisk form for å ha mentalt overskudd og krefter til å handtera alle utfordringane som kjem trillande gjennom livet.

Eg har mange kundar som ikkje har tid eller ork til å begynna å trena. Eg observerer at det oftast gjeld damer, som seier at dei ikkje har mulighet til å prioritera eigentrening, midt i tidsklemma. Mennene får det som regel til, om dei vil.Då seier eg at det er du som bestemmer kva som er trening for deg. Gjer det lett å få til, og begynn å heie på deg sjølv for kvart einaste minutt med fysisk aktivitet du får til.

Eg observerer at det oftast gjeld damer, som seier at dei ikkje har mulighet til å prioritera eigentrening, midt i tidsklemma

Litt er alltid bedre enn ingenting. Det må ikkje vera perfekt for å vera bra for deg. Trening og fysisk aktivitet er ikkje eit prosjekt, eller noko ein kan velga vekk eller venta med til ungane blir store. I følge Helsedirektoratet si anbefaling trengs det ”30 minutt med fysisk aktivitet av moderat til høg intensitet hver dag”, året rundt for å halda vedlike kroppen og helsa.. Og ”Aktiviteten kan deles opp i bolker på minst 10 minutters varighet.”

Så mi utfordring til deg er; ikkje vent til det passer perfekt for å få gjort den perfekte treninga. Du bestemmer kva som er trening for deg og kor di list skal ligga.

BRA NOK trening er bra!

Og har du lyst til å prøva deg på ein morsom utfordring, så bli med og tren 100 dagar på rad i i treningsgruppa Hundredagersutfordringen på Facebook.

Astrid Moe Eikrem
Treningsveileder, Kjelsås
Driver Heile deg Coaching

LES FLERE 8. MARS-KOMMENTARER HER:

«Nye» Nordre Aker Budstikke

I 2015 er Nordre Aker Budstikke relansert som ny, ren nettavis på nab.no.

Hold deg oppdatert ved å melde deg på vårt nye, gratis nyhetsbrev!
Leser du på mobil? Meld deg på ved å sende e-post!

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer info

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Du kan også slette alle lokale data i din nettleser. Fremgangsmåten for dette varierer mellom ulike nettlesere og enheter.

Anbefaling: Ved å benytte deg av EU-tjenesten YourOnlineChoices.com kan du selv til en viss grad styre hvordan ulike annonseleverandører sporer deg, samt lese mange gode tips til hvordan du kan beskytte deg selv. Åpne YourOnlineChoices.com i et nytt vindu.

NB: Enkelte systemkritiske data som finnes i for eksempel webserverens logger vil ikke kunne slettes på forespørsel, men disse slettes automatisk etter kort tid iht informasjonen ovenfor.


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrever ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Mer informasjon