Kunnskap om EU

I Norge er kunnskapen om EU mangelfull. Somme trur at EU ligg på sotteseng etter at forfatningstraktaten blei forkasta. Faktum er at EU-samarbeidet ut...

Tekst:

Publisert:

I Norge er kunnskapen om EU mangelfull. Somme trur at EU ligg på sotteseng etter at forfatningstraktaten blei forkasta. Faktum er at EU-samarbeidet utviklar seg vidare i stor fart. Opptak av nye land tryggar freden i Europa. Rettstryggleik og menneskerettar kjem nye EU-borgarar til gode. Eit nytt Europa veks fram, men veit vi nok om kva det inneber?

Mange meiner at Norge gjennom EØS-avtala er sikra påverknad på det EU-regelverket som seinare vil gjelde her i landet.

Denne påverknaden er stort sett avgrensa til deltaking i rådgivande grupper som EU-kommisjonen kan bruke når det skal utformast framlegg til reglar og liknande. Det er Ministerrådet og Europaparlamentet som vedtek slike framlegg frå Kommisjonen, og dei gjer ofte store endringar i framlegga. Dermed kan regjeringsmedlemmer og parlamentarikarar frå Malta og Estland ha større innverknad på regelverk som kjem til å gjelde i Norge enn norske styresmakter.

Medlemsland i EU har også mange andre føremoner som ikkje Norge har. Når Ministerrådet behandlar ei sak, blir det lagt stor vekt på å oppnå semje eller konsensus mellom medlemslanda. Det blir ofte gått fleire rundar for å få til konsensus. Dessutan fekk de Gaulle i si tid innført prinsippet om at eit medlemsland ikkje skal overkøyrast i spørsmål som er vitale for landet.

Det kan nemnast at EØS-avtala byggjer på Maastricht-traktaten frå 1992. Regelverk bygd på seinare EU-traktatar (Amsterdam, Nice) er ikkje med i avtala, og EØS blir dermed eit tidsbilete frå 90-talet i det dynamiske Europa. Nye former for politisk samarbeid i EU veks nå fram. Det blir stadig meir vanleg at EU i staden for å vedta bindande regelverk, satsar på samarbeid gjennom målstyring og open koordinering. Område som utdanning, sosial sikring og kamp mot fattigdom er døme på dette. Landa sender inn rapportar som Kommisjonen analyserar. Deretter drøftar Ministerrådet spørsmåla og kan samle seg om å råde medlemsland til å gjere politikken sin betre. Dette samarbeidet ligg under Ministerrådet, og der har ikkje Norge tilgang.

Vi meiner at informasjonen om EU i Norge må bli langt betre, og sluttar oss til dei grep og det initiativ som Regjeringa legg opp til i så måte. Den offentlege debatten om EU-spørsmål viser at fakta-kunnskapen kan bli meir presis. Styresmaktene bør søkje å sikre at folk har oppdatert informasjon om EU. Eit meir fullstendig bilete av EU og samarbeidet der fortener meir omtale i media. Ikkje fordi det som skjer der alltid er dramatisk. Det fortener omtale fordi det som blir vedtatt i EU på så mange måtar får verknad for oss alle - utan at vi alltid er klar over det.

Alfred Kvalheim

Kjelsås Arbeiderpartilag

Ola Mannsåker

Holmlia Arbeiderpartilag

Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!