Kommentar:

«Mental trening gjør at eg kan løpe maraton»

«Mental trening gjør at eg kan løpe maraton»

LØPER: Astrid Moe Eikrem fra Kjelsås er klar for maraton i Roma. FOTO: Trude Håland Jærbladet/RunnersWorld

- Mental trening er like viktig som fysisk trening. Eg er klar for maraton i Roma, på søndag.

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
22.03.2015 kl 11:23

Det er kun to døgn til eg står på startstreken til mitt første heilmaraton – i Roma søndag 22. mars.

Kanskje eg er salig uvitande om kva som ventar meg, men eg gruer meg faktisk ikkje. Grugleder litt, men aller mest er eg glad og spent og klar for å koma i gang (mest klar for å koma i mål kanskje..).

Eg har gått frå å vera ein ihuga anti-trenar, via ein glad mosjonist, til plutselig å gå på ein av dei største fysiske utfordringane som fins (i alle fall for oss «folk flest») – å springa 42 kilometer. Hadde nokon sagt til meg for 3-4 år sidan at eg skulle springa maraton, hadde eg fått meg ein god latter. Men nå er eg der..

Eg trur eg har forberedt meg grundig med nok og riktig fysisk trening før løpet. Det fins mange oppskrifter for maratontrening, eg har plukka litt her og litt der. Og Hundredagersutfordringen har hjulpe meg med å halda jevn flyt og framgang, med trening/fysisk aktivitet kvar dag.

I jobben min som coach og mental trenar hjelper eg folk som har livsutfordringar av ulike slag. Mange av verktøya frå mental trening har vore til veldig god hjelp i forberedelsane til Roma Maraton.

LES OGSÅ: Kaja Stabursvik: «Vasaloppet – ikke helt som planlagt...»

Verktøy eg brukar frå mental trening:

  • 1. Motivasjon og å setta meg mål

Eg har sprunge 3 halvmaraton tidlegare, så det gir ein viss trygghet for at eg skal klara 42 km óg. Alderen er ein motivasjon, for ein blir jo ikkje yngre med åra, og mange får vondtar som hindrar ein i å springa etterkvart.

Eg har MS, men sjukdommen har ikkje plaga meg på lang tid nå. Så sidan kroppen fungerer så bra, så må eg smi mens jernet er varmt, tenker eg. Fordi eg kan! Eg vart veldig inspirert av ein gjeng damer som sprang saman i Roma i fjor i gruppa FemiRoma, og melde meg på etter å ha sett ein veldig inspirerande filmsnutt av fjorårets målgang.

Men det som motiverer mest av alt er det å setta meg eit såpass hårete mål og jobba hardt for å nå det. Kjenna på å mestra både den fysiske og mentale utfordringen.

  • 2. Positivt fokus:

Eg fokuserer på det eg får til – og ikkje alt det eg ikkje har fått gjort.

  • 3. Bra nok:

Eg set min eigen standard, legg lista etter min form og samanliknar meg ikkje med andre

  • 4. Suksesstrekanten:

Eit verkøy eg brukar som er veldig nyttig når ein skal prestera. Suksesstrekanten består av tre sider: fokus, fysiologi og indre/ytre dialog. Du kan påvirka desse tre slik at dei er med på å setta deg i den tilstanden som gjer at du er på ditt aller beste.

Se bildet større

SUKSESSTREKANTEN: Består av tre sider: fokus, fysiologi og indre/ytre dialog.

Tilstand:
Kva for ein ønske-tilstand eller optimalt modus vil eg ha før og undervegs i løpet? Eg tenker tilbake til ein gong eg virkelig koste meg mens eg sprang, og finn følelsen frå første halvmaraton, Gøteborgsvarvet. Då var eg avslappa og lett i kroppen. Eg var glad, fekk masse hjelp av eit entusiastisk og humoristisk publikum, og feira kvar einaste kilometer med eit «YES!»

Eg kjende meg fokusert, våken og «PÅ». I denne tilstanden kjende eg meg STERK.

Så kva kan eg gjera for å få tilbake denne ønsketilstanden? Fokus/overbevisninga mi: Eg kjem meg i mål med stil & smil, under fem timar!

Fysiologi, eller korleis eg bruker kroppen min: Eg passar på å halda meg oppreist i kroppen, lette armar, hofta fram. Smil! Våkent blikk.

Indre og ytre stimuli:
Visualisering – eg har gått gjennom løypa og ser meg i mål, bredt smil med armane i været. Har kjent på følelsen av å ha klart det!

Selvsnakk – Kva eg seier til meg sjølv:
Eg er frisk og sterk og sprek! Eg er i superform! Eg er heilt rå!Eg har laga ei spilleliste med inspirerande musikk som eg skal høyra på. Appen Endomondo gir meg km-tida. Og eg har kjøpt eit nasent rosa løpeskjørt som set meg i godt humør.

Så nå gjenstår det bare å sjå om det går veien.. Eg skal i alle fall kosa meg, ta inn atmosfæren og gjera mitt beste. Går det så går det. Går det ikkje, så går det og!

Astrid Moe Eikrem
Heile Deg Coaching og instruktør i Meir Trening

Les flere meninger:

«Nye» Nordre Aker Budstikke

I 2015 er Nordre Aker Budstikke relansert som ny, ren nettavis på nab.no.

Hold deg oppdatert ved å melde deg på vårt nye, gratis nyhetsbrev!
Leser du på mobil? Meld deg på ved å sende e-post!

Annonse
Se bildet større

Astrid Moe Eikrem FOTO: Trude Håland Jærbladet/RunnersWorld

Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!