Opprop til seniorar i Nordre Aker

Bli med i dansegruppa på Grefsen-Kjelsås Eldresenter! Vårsemesteret startar torsdag 4. februar kl. 16.45. Men er du opptatt da, kan du slutte deg til ...

Tekst:

Publisert:

Oppdatert:
26.01.2010 kl 11:59

Bli med i dansegruppa på Grefsen-Kjelsås Eldresenter! Vårsemesteret startar torsdag 4. februar kl. 16.45. Men er du opptatt da, kan du slutte deg til vårt glade gjeng ein påfølgjande torsdag. Vi dansar norske folkedansar og folkedansar frå andre land, for det meste ringdans. Ringdans er gøy!

Er du for gammal, seier du? Sjølv var eg 85 da eg oppdaga gruppa hausten 2008. Eg har reist i om lag 70 land, men har ingen stad sett ein flokk så strålande glad som den danseringen Hans instruerer og inspirerer. Han er eit oppkomme av kunnskap og godt humør.

Aftenposten 4. januar 2010: Ha det gøy, er budskapet i en studie fra Universitetet i Kansas. Forskere målte folks helse opp mot deres fritidsaktiviteter. Folk som opplevde at de hadde morsomme aktiviteter i livet sitt, hadde bedre helse.

Vel møtt i Grefsen-Kjelsaas Eldresenter, Kjelsåsveien 114! Telefon 22 09 85 10.

Snorre Benum

Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Do NOT follow this link or you will be banned from the site!