Nordre Aker Budstikke

Nordre Aker Budstikke

– Eg vil heller stansa ved Brekkedammen enn ved Frysjadammen

Brekkedammen en deilig sommerdag, eller kanskje Frysjadammen? Foto: Kristin Tufte Haga

Men, Botolv Helleland, førsteamanuensis i nordisk språk legger til: – Det ser ut som Frysja med tilhøyrande relasjonsnamn er komen for å bli.

Nordre Aker Budstikke
Nordre Aker Budstikke

Publisert:

Sist oppdatert: 04.09.2020 kl 07:44

BREKKE: Det har vært flere runder i Nordre Aker Budstikke om navnet «Frysja». Blant annet i forbindelse med utbyggingen langs Frysjaveien, og navnet «Frysjaparken» på prosjektet, så kom det reaksjoner på at «Frysja» ikke er et stedsnavn. Leif Gjerland har i tidligere sak uttalt at «Frysja»-navnet nærmest blir dratt rundt som en potetsekk. Derimot har andre, som Gudveig Henryette Aaby fra Grefsen, spilt inn at kanskje det ikke er så feil å bruke Frysja som stedsnavn, med tanke på navnehistorien.

Nordre Aker Budstikke tok kontakt med Botolv Helleland, førsteamanuensis i nordisk språk, og ansatt ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium ved Universitetet i Oslo. Han dykket ned i «Frysja», og har skrevet følgende sak til Nordre Aker Budstikke - god lesning!:

Bottolv Helleland. Foto: Katrine Gade/Utlån

Hvor ligger egentlig Frysja?

Hvor ligger egentlig Frysja?, er ei treffande overskrift i ei tidlegare utgåve av Nordre Aker Budstikke. Ein kunne òg leggja til: Hva betyr Frysja? Svaret på det siste ligg nærare enn det fyrste, men heller ikkje det er endeleg klarlagt.

Frysja er eit historisk namn på Akerselva og førekjem fleire gonger i dei mellomalderlege kongesogene, mellom anna i Sverresoga. Namnet er belagt i forma Frysja og førekjem som forledd i Frysjubrú. Frysju- er genitiv av Frysja og er ei vanleg form i samansetjing med eit etterfylgjande namneledd. I moderne norsk ville det helst lyda Frysjebru(a).

Fossen ved Brekkedammen. Foto: Kristin Tufte Haga

To forklaringar

Namnet har to forklaringar, den eine med bakgrunn i verbet frysa (Sophus Bugge i Norske Elvenavne av O. Rygh), den andre ’den sprutande’ i slekt med verbet ‘fruse, frøse’ (framsett av Per Hovda i Gula Tidend 8. jan. 1974). Om Frysja i ei anna form òg har vore nytta om Maridalsvannet får berre vera ein hypotetisk tanke. Namnet Maridalen (skrive i Marghrettardale og liknande frå 1336) går attende til mellomalderen, men det er grunn til å tru at eit så stort vatn som Maridalen har bore eit «eigea» namn i den eldste tida. Kva det eventuelt har vore, veit me altså ikkje.

Namnet Frysja har utvilsamt høg alder, og ein kan gå ut frå at det har vore nytta om heile elveløpet frå Maridalsvannet til Bjørvika. Men det kan tenkjast at det i takt med busetnaden langs vassdraget har oppstått lokale namn på deler av elva.

Som nemnt i Oslo byleksikon vart fossefalla i Nydalen (kortform av Nygårdsdalen) i mellomalderen kalla Fallande. I den midtre delen av elveløpet har ei nemning som «Å(a)» vore brukt i ein tidleg periode. Det er nedfelt i Storo og Lillo, som er namn på to partar av den gamle garden O (av o, sideform til å ‘elv’). Forma Oo (østre) er belagt i eit diplom i 1279, så ein kan tru at namnet har vore i bruk alt i førkristen tid. Etter Lokalhistoriewiki skal Frysju brú ha vore nytta om den noverande Grünerbrua, som ligg nede. Etter same oppslagsverk vert dette rekna som «den eldste brua over Akerselva, og het
opprinnelig Frysja bru, senere Akers Bro og enda senere Møllebroen etter Nedre Foss».

Akerselva

På eitt eller anna tidspunkt i overgangen frå mellomalderen til nyare tid må Akerselva ha teke over for Frysja, i byrjinga kanskje berre som eit lokalt namnom nedre delen. Aker er namn på ein gammal storgard med kyrkje og soknestatus, og det er ikkje uventa at lokalfolk har relatert elva til denne nærliggjande og viktige staden. Det er elles ein vanleg namngjevingsmåte, jf. Sørkedalselva for eldre Sørka. Akers- finst elles om forledd i fleire gamle namn, mellom andre Akershagen, som etter Oslo byleksikon fram til 1200-talet høyrde til garden Aker.

Akerselva ved Kjelsåsveien og nedenfor Sagadammen. Foto: Kristin Tufte Haga

Men det er fyrst på 1600-talet at Akerselva i ulike former er dokumentert i skrift. «Aggershuses elv» førekjem i eit kongeleg reskript frå 1636 med tilvising til strekninga frå Sagene til elvemunningen. Også festningsnamnet er nytta som forledd i «Aggerhuus Festnings elv». Men på den tida må den meir
folkelege forma Akerselva for lengst ha vore teken i bruk. Seinare har også Vaterlandselva vore nytta som lokalt namn på den nedre delen.

Akkurat når Frysja vart «gjenoppliva» som stadnamn, og kven som kom på det, har eg ikkje kunnskap om. Det kan ha kome opp gjennom utgjevingane av historiske skrifter på 1800-talet, eller kanskje så seint som på 1900-talet. Ein kan òg spørja kvifor Frysja no er knytt til den øvre delen Akerselva. Eit svar kan vera at det ikkje var så tett med namn her som lenger nede. Rett nok dekkjer gardsvalda til dei gamle gardane Brekke og Kjelsås kvar si side av elva og er i ein viss grad brukte i nyare namngjeving. Frysjaveien går frå Maridalsveien til Brekkeveien. I mellomtida har Frysja breidd seg som namn på bustad- og industriområdet mellom Maridalsvannet og Nydalen vest for Akerselva, og altså «kolonisert» ein del av Brekkes grunn.

Brekkedammen, «ved Frysja»

Frysja senter med bygningar for brukskunst «okkuperer» ein del av grunnen til Kjelsås. Også Frysjadammen er godt kjent, men her har Oslo kommune nytta det meir korrekte Brekkedammen, rett nok med tillegget «ved Frysja». Det ser ut som Frysja med tilhøyrande relasjonsnamn er komen for å bli. Dei fleste synest nok det er i orden. Reint lydleg kling Frysja-namnet godt saman med brusen av denne perla av ei elv frå Maridalen til Bjørvika. Men eit viktig prinsipp i ny namngjeving, også uttrykt i lov om stadnamn, er at ein byggjer på den munnleg traderte namnetradisjonen. Så eg vil heller stansa ved Brekkedammen enn ved Frysjadammen.

Nyhetsbrev fra Nordre Aker Budstikke

Få ukens nyheter oppsummert i et nyhetsbrev fra Nordre Aker Budstikke. Det er gratis, og du melder deg på her!

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukerkonto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...