
Midt i den verste krisa banka ein av naboane på døra til Dagsrevyen-programleiaren
Dagsrevyen-programleiaren er engasjert i nabolaget. Eit par laurdagar lånte ho og andre i klassen til dottera hennar skulekjøkkenet på Ullevål og laga mat frå fem-seks ulike land for å bli betre kjent med kvarandre.
Publisert: 19.07.2020 kl 07:00
Sist oppdatert: 19.07.2020 kl 18:30
SOMMARPRATEN: Ingvild Bryn er opphaveleg frå Voss på Vestlandet, men har budd i Oslo i årevis, og flytta så til Ullevål hageby i 2001. I Sommarpraten fortel Dagsrevyen-programleiaren om engasjementet for nærmiljøet og korleis det var å jobbe i Dagsrevyen midt i koronakrisa.
Forutan korona og Donald Trump og det andre som pregar nyheitsbiletet, er ho oppteken av sommarvêret.
– Sommarvêret opptek meg som alle andre, men elles er eg oppteken av det som til ei kvar tid er i nyheitsbiletet. Alt frå koronasituasjonen til Donald Trump. I den jobben eg har, må eg alltid vere oppdatert.
Voss
Ingen av planane hennar i sommar har blitt avlyst.
– Ferietida skulle uansett brukast på Voss der eg voks opp. Eg har mange slektningar på Voss, og bygda er så mangfaldig at det alltid er noko å gjere der.
Ingvild Bryns sommaranbefalingar
Bok:
– Har nettopp lese "Dødevaskeren" og oppfølgjaren "Skyggedanseren" av Sara Omar. Anbefales, men ikkje om du er ute etter lett sommarlektyre.
Serie:
– Den siste eg såg, var serien om Jeffrey Epstein.
Podcast:
– Blir lite podcast for tida. Høyrer enten på P2 eller Alltid nyheter eller på musikk. Denne sommaren er eg svak for den svenske songen Svag. Nydeleg!
Sted i bydelen:
– Heime i hagen! Vi har nemleg nettopp fått bygd ein platting.
– Kva er ditt beste sommarminne?
– Ein sommar for nokre år sidan lånte familien hest, hund og jakthytte hos «eventyraren» Stein P. Aasheim i Romsdalsfjella. Flott natur og mykje mosjon.
Språk viktig
Ho var programleiar i Dagsrevyen i dagane etter at landet stengde ned.
– Korleis var det å leie Dagsrevyen i koronatida?
– Dagsrevyen var utvida fleire dagar, og vi hadde sendingar på dagtid i vekesvis frå morgon til kveld. Det var ikkje vanskeleg å få myndigheitspersonar til å kome i studio, for alle var opptekne av å få ut informasjon. Slik er det i dag også. Koronaen påverkar absolutt alle, og i krisetider ser vi korleis folk flokkar seg til «den store skjermen» og jobben følest ekstra viktig, seier ho og fortset:
– Det er også viktig å jobbe godt med språket under sendingane, og det er viktig å ikkje bruke eit for dramatisk språk. Vi ønskjer å vere nøytrale og nøkterne i vår ordbruk.
Det har dei vore ekstra påpasselege med under koronakrisa.
Heimekontor vanskeleg
Ho fortel at programleiarane er aktivt med i planlegginga av sendingane. Før dei går på lufta i studio, har dei mange timar bak seg på desken.
– Midt under den verste krisa, kom ei dame i nabolaget på døra med ein blom til meg og takka for fine sendingar. Det varma!
— Som programleiar i Dagsrevyen er det vel ikkje så lett med heimekontor?
— Nei, eg ser ikkje heilt for meg Dagsrevyen frå kjøkkenbordet heime. Då måtte eg i tilfelle rydde først, smiler ho.

Dagsrevyen-anker Ingvild Bryn i studio med NRK-kollega Jon Gelius. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Engasjert i nabolaget
Systera hennar, Herborg, flytta til Ullevål hageby i 1987. I 2001 flytta Ingvild etter.
– Det er godt med kortreiste systrer!
– Blir du ofte gjenkjent på gata, i butikken og elles?
– Det kan nok hende, men eg legg i så fall ikkje merke til det.
– Korleis engasjerer du deg i nærområdet?
– Niesa mi Tale og eg dreiv eit barnekor med åtte-ti jenter frå nærområdet i nokre år.
På reportatoaret stod alt frå den norske songskatten til Abba og Grease.
– Elles har eg i 13 år vore med og arrangert temakveldar i Vestre Aker menighetshus. Vi har hatt fleire lokale gjester som Kim Haugen, Ellen Arnstad og Guri Skavlan, men også Lise Fjeldstad, Bjørn Eidsvåg og nå sist Håvard Rem. Eg trur folk set pris på slike arrangement i nærområdet.
Ho fortel vidare at ho i alle år har vore aktiv i skulemiljøet til døtrene. I klassen til den yngste dottera hennar, var det mange elevar med ein annan bakgrunn enn den typisk norske, fortel ho.
– Eit par laurdagar lånte vi skulekjøkkenet på Ullevål og laga matretter frå fem-seks ulike land. Barn og vaksne åt saman, og vi blei betre kjent med kvarandre.
Bryn fortell at det var vellukka, så ho oppfordrar fleire skular til å prøve.
Nynorsk
— Det har også vore moro å bli invitert til ungdomsskuleklassar på Marienlyst for å snakke om temaer som nynorsk og USA.
— Er det fleire skuler som vil ha besøk, er det berre å seie i frå, seier ho med eit smil.
I to år var ho språksjef i NRK. Nyleg tok ho i mot ein pris for bruken av nynorsk.
— Korleis er det å vere nynorsbrukar i Oslo?
— Det er mange innflyttarar frå bygdene i Oslo, så eg er langt frå den einaste som brukar nynorsk, seier ho og legg til at det er mindre sjikanering av nynorsk no enn før.
— Det er jo spårket til eigne landsmenn, så den som er oppteken av toleranse, gjer ikkje det, avsluttar Bryn.
I sommer slår Nordre Aker Budstikke av en prat med ulike lokale profiler. I "Sommerpraten" blir du bedre kjent med de lokale fjesene, hva de skal i sommer og hvordan koronasituasjonen har påvirket dem.
Her kan du lese alle Sommerpratene!
Nyhetsbrev fra Nordre Aker Budstikke
Få ukens nyheter oppsummert i et nyhetsbrev fra Nordre Aker Budstikke. Det er gratis, og du melder deg på her!